Søknaden frå AquaBounty farm om å setje ut genmanipulert fisk i USA har aktualisert spørsmålet om slik fisk i Norge. I denne samanheng vil vi vise til interessnte resultat om genmanipulert regnboge aure som er publisert i tidsskriftet NATURE 15 februar i år.
Kanadiske og amerikanske forskarar samanlikna vekst hos fire grupper: Foredla fisk (Fisk selektert for tilvekst i fleire generasjonar), foredla fisk tilført gen for veksthormon, vill fisk og vill fisk tilført gen for veksthormon.
Resultatet viste at når villfisk fekk tilført ekstra gen for veksthormon, vaks den mykje fortare enn villfisken, men når foredla fisk fekk tilført ekstra gen for veksthormon, vaks den om lag like fort som foredla fisk. Dette viser at genmanipulering av fisk har lite å tilføre eit tradisjonelt avlsarbeid for å auke tilvekst. I tillegg er det fare for at slik fisk kan ha negativ innverknad på levedyktighet i ville populasjonar.
I Norge kom AKVAFORSK tidleg på 70 talet i gang med avlsarbeid for laks og regnbogeaure. Gjennom systematisk seleksjon som ikkje endrar gener men frekvensen av gener, har vi utvikla dyr som er meir produktive (veks fortare, er sterkare mot sjukdom og har betre kvalitet) og utnyttar fôrressursane meir effektivt. Dette avlsarbeidet som betrar fleire produksjonseigenskapar samstundes, gir raskare domestisering, og tilpassar den til oppdrettsmiljøet.