Nyhetssak

No avler vi torsken òg!

Det er svært stor interesse for oppdrett av torsk, men produksjonskostnadane er enno for høge for lønsam produksjon. Årsakene til dette er m.a. høg fôrfaktor og at den blir kjønnsmoden før den er stor nok.

Målretta avlsarbeid har vist seg å vere viktig for å utvikle dyr som veks og trivest godt i fangenskap, brukar mindre fôr per kg tilvekst og har ein kvalitet som forbrukaren ynskjer. Resultatet av dette er først og fremst lågare produksjonskostnader slik at ein kan produsere større volum for ein større marknad.

Før vi kan starte eit avlsarbeid for torsk må vi kunne reprodusere den på ein kontrollert måte og vi må kjenne storleiken på den arvelege variasjonen for økonomisk viktige eigenskapar. Dette skaffar vi oss no meir kunnskap om gjennom eit femårig forskingsprosjekt finansiert av Fondet for forsking og nyskaping, Norges forskingsråd. Prosjektet er eit samarbeid mellom Havforskingsinstituttet (Birgitta Norberg), Norges teknisk-naturvitenskapelege universitet (Elin Kjørsvik) og AKVAFORSK. Eit lag på 15 ansatte ved AKVAFORSK er involvert i prosjektet, og vår oppgåve er å legge kunnskapsgrunnlaget for eit avlsarbeid på torsk. Dette vert gjort etter same mønster som vi har gjort tidlegare for totalt 10 fiskeartar i 10 land.

Sentralt i eit avlsarbeid er ein sikker produksjon av mange fullsysken familiar. Familiane produserar vi på Averøy der vi har stamfisk av kysttorsk frå Møre, Trøndelag og Helgeland og norsk-arktisk torsk (skrei) fanga i Vesterålen. Produksjonen av ei familie skjer ved å plassere eit kjent par hann- og hofisk i eit 14 m3 kar der dei gyt naturleg. Rask utskifting av stamfisken i desse kara er et avgjerande for å kunne produsere mange familiar på kort tid og dette har ikkje vore utprøvd i ein så stor skala før. Dei nybefrukta eggene blir fanga opp frå utløpsvatnet og transportert til Sunndalsøra.

På Sunndalsøra har vi frigjort og bygt om ei avdeling til torsk. Her har vi mange små inkubatorar (18 liter) for oppbevaring av nybefrukta egg frå kvar familie fram til klekking (12-13 dagar), små kar (34 liter) for hald av kvar familie i den tida larvene berre tek levandefôr (hjuldyr og saltreker, 6-7 veker) og litt større kar (80 liter) for hald av kvar familie frå larvene byrjar å ta tørrfôr og fram til gjennomsnittsvekta i kvar familie er 10-15 gram (3 – 4 månader). Då er yngelen store nok til at vi kan merke eit tilfeldig uttak frå kvar familie med små elektroniske merker som vi legg inn i bukhola på kvar fisk. Etter merking kan vi overføre fisk frå alle familiane til ei not i sjøen slik at fisk frå alle familiane får eit så likt oppdrettsmiljø som muleg. Det er ein føresetnad for å kunne påvise sikre genetiske skilnader mellom populasjonar, familiar og mellom fisk i kvar familie for viktige produksjonseigenskapar som tilvekst, alder ved første kjønnsmodning, slakteutbyte, filétkvalitet, osv.

Dei tekniske løysingane vi har valt er i stor grad basert på tidlegare pilotforsøk på torsk på Sunndalsøra og vår erfaring med produksjon av familiar av kveite. For sjølve produksjonen av familiane på Averøy har vi hatt stor nytte av råd og assistanse frå HI (Ørjan Karlsen og Terje van der Mehren). I det heile har alt gått svært bra og vi har så langt produsert totalt 70 familiar frå dei fire torskepopulasjonane. Nokre av familiane har vi byrja å fôre med tørrfôr medan dei fleste enno går på levandefôr. Difor er det enno for tidleg å seie om vi greier å få fram til merking 50 familiar som er målet. Dersom alt går som vi trur og håpar vil vi i løpet av året ha eit merka familiemateriale av torsk som kommersielle aktørar kan bygge vidare på.

Det merka familiematerialet ynskjer vi å plassere i ei not i sjøen i Nord-, Midt- og Sør-Noreg der fisken bør gå til den er minst 3-4 kg. Produksjonsdata frå desse tre lokalitetane vil gi oss viktig kunnskap om korleis eit framtidig avlsarbeid på torsk skal organiserast. Skulle det vise seg å vere stor skilnad mellom kysttorsk og skrei for viktige eigenskapar kan det vere aktuelt med eit separat avlsarbeid for kvar. Det same gjeld om populasjonane og familiane rangerer seg ulikt på dei tre lokalitetane. Er det derimot små skilnader mellom populasjonane og populasjonane og familiane rangerer seg likt på dei tre lokalitetane kan det vere tilstrekkeleg å ha eit avlsarbeid med same avlsmål for heile landet. I denne samanhengen er det også viktig å få gjort tilsvarande samanliknande forsøk med kysttorsk og skrei frå andre geografiske områder.

Forskningsområde

Forskningsområde