Nyhetssak

Motstandsevne mot lakselus

Dei siste tre åra har Akvaforsk og Veterinærinstituttet gjennomført eit omfattande avlsforsøk for å studere om det er genetiske variasjoner i motstandsevne mot lakselus. Forsøka er gjennomført på Akvaforsk sin forskingsstasjonen på Averøy i samarbeid med SalmoBreed AS. Prosjektet er finansiert gjennom Forskningsrådet.

Mogeleg å auke motstandsevna gjennom systematisk avlsarbeid
Forsøket viser at det er stor genetisk variasjon i motstandsevne mot lakselus og at det er mogeleg å auke motstandsevna gjennom systematisk avlsarbeid. Dette vil kunne redusere behovet for behandling mot lakselus og auke velferda til laksen. På sikt vil det redusere smittepresset av lakselus.

Fiskematerialet som ligg til grunn for forsøket består av to årsklassar kvar med 300 familiar av laks frå SalmoBreed. Det første året vart det telt lus på 3070 laks og det andre året 2049. Det vart telt både bevegelege og fastsitjande lus. Utrekningane er basert på summen av lus.

Det var stor skilnad mellom dei 300 familiegruppene i sum lus per fisk. I det første året hadde den beste familien 1,1 lus per fisk, medan den dårlegaste hadde 9,1 lus per fisk. Året etter var forskjellen mellom beste og dårlegaste gruppe 0,3 og 5,6 lus per fisk. Forsøket viste at ein stor del av variasjonen i motstandsevne mot lus skuldast arv: 19% i det første året og 10% det andre året i forsøket. Dette vil seie at om lag 15% av variasjonen i tal lus er arveleg bestemt.

 

Aktuelle saker

Forskningsområde