Tekst: Ingebrigt Bjørkevoll
Vi veit lite om kva tilbod dei som kjøpar og et klippfisk i Brasil finn i butikkane. I dette prosjektet blei det innhenta informasjon om klippfiskmarknaden i Brasil ved å besøke butikkar og marknader ulike stader i landet.
Turen byrja i Rio de Janeiro i sør, gjekk vidare til Manaus i Amasonas i nord, til Fortaleza og Natal på austkysten før vi returnerte til Rio. Undersøkinga gjekk ut på å vurdere dei klippfiskprodukta som blei selt i butikkane, samt å spørje konsumentar som vi trefte kva dei synest om klippfisk som produkt. Ut frå våre observasjonar var utvalet av klippfisk større enn kva som var forventa nokon stadar, medan andre stadar var det eit uventa fråvær av sei. Også når det gjaldt pris fann vi store variasjonar. Klippfisk av torsk kunne eksempelvis koste opp mot 200 kroner per kg. Dette viser at det finnes segment i Brasil som har moglegheiter til å kjøpe dyr klippfisk. Dersom den økonomiske framgangen i Brasil held fram vil dette segmentet kunne vekse. Og spesielt med tanke på at det bur nesten 180 millionar menneske i Brasil vil dette kunne utgjere eit viktigare marknadssegment for norsk klippfiskindustri. På den andre sida er truleg valutakursutviklinga viktigast på kort sikt. Dess sterkare NOK blir i forhold til REAL, dess dyrare vil utsalsprisen på klippfisk bli.