Dei store mengdene matavfall er uheldig med omsyn til miljø, etikk og økonomi. Dei største voluma av avfall finst innan frukt, grønsaker og bakevarer. Det avfallet som har størst betydning for utslepp av klimagassar og økonomi er truleg innan kjøtvarer. Mykje mat blir kasta fordi den har gått ut på dato. Nofima vil i første omgang setja innsatsen inn på matavfall med høgt volum eller verdi, og som med dagens teknologi har ei svak eller varierande lagringsevne.
Ei av oppgåvene våre vil vera å kartleggja og forbetra handteringa av råvarer frå innhausting og slakting fram til pakking. På mange matvarer som t.d. heil muskel av kjøt eller fisk finst bakteriane stort sett på overflata av produkta. Vi vil undersøkja metodar som f. eks. kortvarig oppvarming av overflata med vatn eller damp, bruk av syrer og bærjuicar, spraying med nyttige bakteriekukturar og forbehandling med høgtrykk.
Pakking er eit kritisk trinn for å få god lagringsevne av produkta. Hygiene i samband med slicing og pakking er vikig for å halda bakterietala låge. Vi vil testa ulike metodar for å best kunna nytta karbondioksid som antimikrobiell gass, enten direkte i emballasjen eller som forbehandling før pakking. Vidare skal vi finna rett nivå av oksygen i atmosfæra for visse typar matvarer som t.d. grønsaker. Vi skal testa pakker for små hushaldningar med gode løysingar for opning og lukking. Eit anna viktig spørsmål for pakka matvarer er skilnaden mellom merkjing av siste forbruksdag og best før.